Reguleringsplan Garaneset

Konsekvensutgreiing

Detaljreguleringa omfattar infrastrukturtiltak som i forskrift om konsekvensutgreiing vedlegg III, punkt 25: «Landingsplassar for helikopter og fly og utviding og endra bruk av eksisterande flyplassar». Tiltaket fell difor inn under plan som vert vurdert etter § 4 i forskrifta. Føremålet med konsekvensutgreiinga er å få oppdatert kunnskap om ei rekkje tema: Naturmiljø, friluftsliv, nærmiljø, folkehelse, støy, ureining, trafikk, risiko, kulturminne m.m. Konsekvensutgreiinga skal avdekkje om, og i kva grad, viktige verdiar vert påverka av tiltaket. Forslag til avbøtande tiltak er òg del av utgreiinga. Utgreiinga fokuserer hovudsakleg på tiltaket helikopterlandingsplass, og vurderer dette opp mot eit nullalternativ. Nullalternativet er her definert som ein situasjon utan tiltaket helikopterlandingsplass.

Ei oppsummering av konsekvensane ved gjennomføring av tiltaket synte at tiltaket vil ha liten negativ konsekvens for naturmiljø, trafikk, og kulturminne med kulturmiljø. Konsekvensen er større for nærmiljø og friluftsliv. Det er hovudsakleg støy som fører til store negative konsekvensar.