Reguleringsplan for Erfjordlia

Siktemålet med planarbeidet var å leggja til rette for utbygging av ca. 7-10 bustadtomter for frittliggande småhus med tilhøyrande infrastruktur.

Det er lagt til rette for sju bustadtomter. Bustadene kan vere frittståande einebustader, eller samanbygde til tomannsbustader der tomta tillet det. Tomtene ligg på nedste del av planområdet. I området over er det regulert til friområde som kan nyttast til friluftsliv og liknande av busette i planområdet, og av andre i kringliggjande område.

Det er regulert inn ei sone med friområde knytt til bekk og elv. Dette for å sikre fri ferdsel og for å behalda bekk med kantvegetasjon som eit viktig miljøskapande element.

Mellom bekkesig og elv, og ved enden av tilkomstvegen, er det regulert til leikeplass. Dette er eit område som får gode solforhold, og som vert tilgjengeleg for dei som bur innaføre planområdet og i områda rundt.

Planen vart vedtatt i kommunestyret 03.11.15.