Mulighetsstudium - fortetting Prestaåsen, Sand

For å møta aukande etterspurnad etter bustadtomter på Sand, kan eksisterande bustadområde fortettast. Kon-Sul har undersøkt muligheiter for fortetting øvst i Prestaåsen, mellom øvre vasstårn og Prestaåsen vest.

For å forstå potensialet i området rundt øvre vasstårn har Kon-Sul kartlagt eksisterande bygd miljø i Prestaåsen, veginfrastruktur, avstandar til viktige funksjonar og sjølve landskapet. Prosjektet skal både skapa løysingar for bustadbehovet og forbetra eksisterande koblingar til omgjevnadene. Nå er veginfrastrukturen prega av blindvegar, eit produkt av tidlegare bustadutvikling. Veginfrastrukturen kan enkelt koplast saman til eit samanhengande, logisk nett for både kvardag og rekreasjon. Prestaåsen er i dag prega av større einebustader som kan dekkja behovet for kjøp og sal av store hus. Suldal kommune ser behovet for mindre einingar når nye tomter skal regulerast. Dette muligheitsstudiet tar høgde for varierte storleikar i ein tett struktur. Prosjektet undersøkjer kor mange einingar det er plass til. Men sjølv om ikkje alle desse bustadene blir realiserte, bør ikkje mellomromma aukast. Kommunen kan velja ut somme område i vedlagt planforslag for utvikling. Sparsam haldning til arealbruk vil på sikt sikra naturområde for framtida.