ROS-analyse

Plan- og bygningslova seier at alle planar skal fremja samfunnssikkerheit.

Det vert sett krav til risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for alle nye planlagde utbyggingsområde. I ein ROS-analyse vil ein kartleggja risiko ved utbygging av eit aktuelt område. ROS-analysen vil vidare gi informasjon om utbyggingsområdet innaføre ei rekkje fagfelt – t.d. veg og trafikksikkerhet, geoteknikk, ureining, skred- og flaumfare.