Om Kon-Sul

Kon-Sul AS er engasjert i eit breidt spekter av oppdrag, frå arkitetur og design, via prosjektering, veg- vatn og avløp, arealplanlegging, prosjekt- og byggjeleiing til ingeniørgeologi.

Kon-Sul vart etablert i 1987 då fire dyktige fagfolk gjekk saman for å skapa seg nye arbeidsplasser på Sand. I løpet av tre tiår har Kon-Sul etablert seg som ekspertar på ingeniørtenester og arkitektur i Ryfylke. Firmaet har ekspandert til ni tilsette og stadig nye fagområde. Hovudkontoret er på Sand, med avdelingskontor i Sauda og på Hjelmeland.