VA Bogsfjorden

Sanering og nytt vass- og avløpsanlegg, Bogsfjorden nær Erfjord

Kloakken blei tidlegare pumpa rett ut i Bogsfjorden og la seg på botn. VA-sanering i Bogsfjorden er eit større prosjekt med fleire kilometer leidningsnett, fire nye pumpestasjonar og ny slamavskiljar. I det nye anlegget vil kloakken bli ført til kummar ved sjøen, før den blir pumpa via sjøleidningar til slamavskiljaren ved Bogsundet. Kon-Sul har prosjektert heile anlegget og hadde byggjeleiinga i anleggsfasen.