Heiselåvekonstruksjon

Naust til Suldalsdampen, Solheimsvik

Då D/S «Suldal», eller Suldalsdampen på folkemunne, blei verna i av Riksantikvaren i 2013, fekk dampen ny slipp på kaien i Solheimsvik. Fartøyet, bygt ved Stavanger Støberi & Dok i 1884, gjekk i rute på Suldalsvatnet frå 1885. For å få plass til skorstein og mast, måtte naustet ha ein konstruksjon som var open opp til mønet. Inspirasjonen kjem frå heiselåvekonstruksjonane i rogalandske løebygg frå byrjinga av 1900-talet. Naustet blei teikna av arkitekt Per Fremmersvik. Det er Ryfylkemuseet som har ansvaret for Suldalsdampen.