Allmannajuvet: Nasjonale turistvegar

Uavhengig kontroll, prosjektering og utføring, Sauda

Sinkgruvene i Allmannajuvet er eit nedlagt gruveanlegg i Sauda, i drift på slutten av 1800-talet. Nasjonale turistveger-prosjektet ønskte å løfta fram Allmannajuvet sin særeigne natur og kulturhistore. Den nye attraksjonen består av visningsbygg, kafébygg, toalett, parkering, stiar og trapper. Den verdskjende arkitekten Peter Zumthor har teikna dei spektakulære bygga. Desse er laga i ein industriell byggetradisjon som skal husa forteljinga om gruvene og det harde arbeidet. Anlegget skal stå ferdig i 2016. Kon-Sul har byggjeleiing på prosjektet, som allereie har fått stor internasjonal merksemd.