Stranddalen turisthytte

Tilbygg og ny hytte for Stavanger turistforening.

Aukande popularitet i Stranddalen kravde større kapasitet for lager, overnatting, fasilitetar og dei vidgjetne komlemiddagane 1000 meter over havet. Per Fremmersvik var ansvarleg arkitekt for utbygginga, som skulle føya seg inn i byggeskikken på dei eldre bygga frå 1926. Prosjektet inkluderer overnattingshytte med 48 sengeplassar, nytt anneks, uthus med toalett og avfallsrom samt ny hovudhytte med kjøkken og opphaldsrom.