Sandsbrauta 8

Sand

Bustadhuset frå 1948 er eit av få reine funkishus i området og eit utmerka eksempel på nøktern etterkrigstidsarkitektur. Eigarane ønskte å understreka kvalitetane typiske for huset; teglbrystningar, enkle smijernsrekkverk, teglpipene sin karakteristiske tekstur, format på vindauga og enkel kledning. Resultatet er oppgradering med utgangspunkt i ujålete kvalitetshandverk. Prosjektet fekk Suldal kommune sin byggeskikkpris i 2013. Bygget «har vist oss at det er viktig å forstå bygget sin struktur og eigenart som grunnlag for ombygging og endring,» skriv juryen i si grunngjeving.