Sand skule

Sand

Sand skule vart bygd i 1977. Den gong var det opne landskap som var det pedagogiske prinsippet. Etter kvart har det blitt bygd skiljevegger og endra og justert på rominndelinga.

Etter 30 års drift var tida moden for ei grundig rehabilitering av heile skulen, både arkitektonisk og bygningsmessig. Det vart etablert ein tydeleg hovudinngang med administrasjonen like ved. Klasseromma vart lagt ut til ytterveggene medan ein la fellesfunksjonar som bibliotek og amfi i midten av bygget. Alle klasseromma fekk knytt til seg grupperom. Mellom klasseromsfløyen og gym.salen vart det bygd ein ny fløy med skulekjøkken og kantine nær knytt til kvarandre. I etasjen over vart det nytt lærarrom. Den renoverte skulen vart gjenopna til skulestart 2008.

Kon-Sul AS stod for prosjektering av ombygginga. Me hadde også byggjeleiinga i anleggsfasen.