Ombygging ambulansestasjon

Nedre Dalane 11

Kon-Sul AS har i samarbeid med eigaren av lokala i Nedre Dalane 11, Sand Eigedom og leigetakar Helse Fonna, prosjektert og administrert ombygginga av lokaler i næringsbygget i Nedre Dalane 11.

Formålet var å skaffe Ambulansetenesta i Suldal gode arbeidstilhøve. Det var trong for garasjar med vaskehall og lagerplass til tenestebilane, kvilerom, kjøken og opphaldsrom til personalet. Prosjekteringa starta våren 2013, sjølve ombygginga tok til i januar 2014 og ambulansestasjonen stod ferdig og vart teken i bruk i juni 2014.

Kon-Sul AS har stått for omteikning, søknadsprosess og byggeleiing.