Kontorbygg Ryfylkemuseet

Nordenden 31, Sand

Ryfylkemuseet sitt nye kontorbygg huser verkstad, atelier, arkiv, kontor og møterom. Bygget ligg rett ved museet sitt hovudkvarter på Sand, Nesasjøhuset. Kontorbygget kontrasterer og speler på lag med Nesasjøhuset. Kledninga er i tre, men ubehandla. Taket er tekka med panner, men skrått, sidan det skal føya seg inn i topografien. Utsmykkinga «Ryfylkingar» (2009) på betongfasaden er ved kunstfotograf Geir Egil Bergjord, som har fotografert gjenstandar og miljø tilknytta Ryfylkemuseet.