Kolonihagehytter

Ryfylke fjordhage, Hebnes

Dei 26 snedne hyttene i Ryfylke fjordhage på Hebnes har lik grunnteikning. Utforminga viskar ut skiljet mellom livet innandørs og utandørs. Grunnteikninga er lik på alle hytter. Grunnflaten på 35 kvadratmeter er godt utnytta, med kombinert kjøkken og stove. Soveplassar finst nede og på den 18 kvadratmeter store hemsen. Store vindauge og dører ut til platting forlenger hytta utover. Eigarane kan velja mellom ulike jordfargar på eksteriøret og har muligheit til å byggja utekjøkken.