Ingeborghuset

Jelsa

Fritidsbustaden Ingeborghuset, som ligg ved den verna Noresjøen på Jelsa, er fleire hundre år gammal perle. Ingeborghuset og resten av bygga i nærmiljøet er SEFRAK-registrerte. Eigedommen er regulert til spesialområde bevaring. Dermed krev alle tiltak innføre reguleringsplanen godkjenning av antikvariske myndigheiter. Rehabiliteringa var ei eksteriørmessig tilbakeføring til original materialbruk, vindauge og fasadedetaljar, som skulle harmonera med eigar sine behov innandørs. Knevegger og takvinkel er for eksempel justert for å få betre soverom på loft.