Helsetunet

Eidsvegen 3, Sand

Suldal kommune engasjerte Kon-Sul AS i januar 2012 til prosjektering i samband med ombygginga av Helsetunet på Sand. Ein ønska å fornya venterom og resepsjon, medan legekontor, helsestasjon og fysioterapi trong større plass og betre arbeidstilhøve. Fysioterapiavdelinga vart lagt i dei tidlegare lokala til apoteket i bygningsfløy mot vest. Tannlegetenesta vart flytta til Bjødnateigen for å gi plass for Helsestasjonen for barn og ungdom.

Februar 2014 flytta tannlegane ut og ombygginga i byggtrinn I tok til. Nye lokaler for Fysioterapi og Helsestasjon stod ferdig juni 2014. Byggetrinn II med ombygging av legekontora tok til august 2014 og legane kunne flytte inn i nye lokaler i desember 2014. Offisiell opning med snorklipp, kake og festtale 28.januar 2015.

Kon-Sul AS har hatt ansvaret for den overordna prosjekteringa, søknadsprosess, interiør og byggjeleiing.