Flataberget 26

Einebustad, Sand

Denne større bustaden ligg høgt i ei åsside. Skråtaket følgjer den bratte topografien. Huset tar inn det måleriske vestlandslandskapet. Vindauga gir fjordutsikt i fleire himmelretningar, ein veranda snor seg rundt to sider av huset. Innsida definerer soner med lys og ulike nivå. Trappeløpet, som går over tre etasjar, er hovudpulsåra i huset.