Bjørkaren 14

Einebustad, Sand

Huset ligg i bustadfeltet Bjørkaren på Sand. Interiøret er dominert av solid trepanel på alle flater og ulike platå som skapar romkjensle. Eksteriørmessig leikar trehuset med rogalandsk arkitekturhistorie. Sprossevindauga i ulike storleikar – frå mindre gluggar til fleire meter lange vindauge – sørgjer for godt naturleg lys frå alle himmelretningar. Vindauga ramar også inn inngongsdøra og gjentar saltakforma på bygget.