Oppstart reguleringsendring Viganeset nord

Hjelmeland kommune

I tråd med §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova, vert det varsla at Kon-Sul AS skal utarbeida framlegg til reguleringsendring på vegne av Vighedlå AS

Det er tidlegare meldt oppstart for endring av same reguleringsplan med føremål å etablere hamneområde, ei endring som ville krevd større areal enn det som no meldast oppstart for. Planar om hamneområde vert ikkje vidareført. I kommuneplan og gjeldande reguleringsplan er arealet synt som område for akvakultur og trafikkområde i sjø.

Avgrensing av planområdet går fram av kartutsnittet. Føremålet med reguleringsendringa er å gje rom for ventemerder i forbindelse med mottaksanlegg for oppdrettsfisk. Samtidig skal ferdsle på sjøen forbi området sikrast. Reguleringsendringa gjeld berre sjøareal. Det skal ikkje regulerast nye føremål, men justerast fordeling mellom akvakultur og ferdsel.

Vi bed om at ev. merknader til oppstartsvarslinga vert sendt til

Kon-Sul AS, Lagarhusvegen 5, 4230 Sand, innan 19.01.2017.

Merknader kan òg sendast pr. e-post til iv@kon-sul.no innan same dato.

Etter denne dato vert sjølve planframlegget ferdigstilt og sendt til kommunen for handsaming.

Varslingsbrev og kart vert lagt ut på heimesidene til Hjelmeland kommune, (www.hjelmeland.kommune.no)