Oppstart reguleringsendring Fister kai I

Gnr. 75 bnr. 14, 21, 44, 82, 83, 84, 85, 86, 87 og 93 i Hjelmeland kommune

I tråd med §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova, vert det varsla at Kon-Sul AS skal utarbeida framlegg til reguleringsendring på vegne av Kaivegen Velforening.

Føremålet med reguleringsendringa er å endre område for «feriehus» til ordinære fritidsbustadar. Området med dette føremål er fullt utbygd, og reguleringsendringa vil ikkje gje rom for nye eller utvida byggetiltak. Heile reguleringsplanen vert digitalisert og oppdatert i samsvar med gjeldande planlov.

Avgrensing av planområdet går fram av vedlagt varslingskart. Området utgjer om lag 14 daa. Planområdet omfattar eigedommane gnr. 75 bnr. 14, 21, 44, 82, 83, 84, 85, 86, 87 og 93.I kommuneplan er området synt som område der reguleringsplan fortsatt skal gjelde, med føremåla bruk og vern av sjø og vassdrag, andre typer bebyggelse og anlegg og fritids- og turistformål.

Tilkomst vil vere slik som i dag. Det er ikkje sett krav til konsekvensutgreiing.

Vi bed om at ev. merknader til oppstartsvarslinga vert sendt til:

Kon-Sul AS, Lagarhusvegen 5, 4230 Sand, innan 11.12.2016.

Merknader kan òg sendast pr. e-post til iv@kon-sul.no innan same dato.

Etter denne dato vert sjølve planframlegget ferdigstilt og sendt til kommunen for handsaming.

Varslingsbrev og kart vert også lagt ut på heimesidene til Hjelmeland kommune, (www.hjelmeland.kommune.no)