Oppstart reguleringsendring småbåthamn Kjølvik

Gnr. 116 bnr. 1, Kjølvik i Suldal kommune

I tråd med §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova, vert det varsla at Kon-Sul AS skal utarbeida framlegg til reguleringsplan på vegne av Johannes Kjølvik.

Det skal regulerast småbåthamn med tilhøyrande anlegg og naustboder innanfor område avsett til dette i kommuneplanen. Avgrensing av planområdet går fram av kartutsnittet. Området utgjer om lag 15 daa og ligg på eigedom gnr. 116 bnr. 1. I kommuneplan er området synt som område for småbåthamn. Tilkomst vil vere frå fv. 681. Det er ikkje sett krav til konsekvensutgreiing.

Vi bed om at ev. merknader til oppstartsvarslinga vert sendt til:

Kon-Sul AS, Lagarhusvegen 5, 4230 Sand, innan 12.02.2017

 

Merknader kan òg sendast pr. e-post til iv@kon-sul.no innan same dato. Etter denne dato vert sjølve planframlegget ferdigstilt og sendt til kommunen for handsaming.

Varslingsbrev og kart vert lagt ut på heimesidene til Suldal kommune (www.suldal.kommune.no)