Oppstart reguleringsendring Grønvik

Gnr. 85 bnr. 2, Hjelmeland kommune

I tråd med §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova, vert det varsla at Kon-Sul AS skal utarbeida framlegg til reguleringsendring på vegne av Grønvik gard.

Føremålet med reguleringsendringa er å endre område for fritids- og turistføremål til ordinære fritidsbustadar. Området med dette føremål er fult utbygd, og reguleringsendringa vil ikkje gje rom for nye eller utvida byggetiltak. Avgrensing av planområdet går fram av vedlagt varslingskart. Endringa omfattar berre føremål som i dag er regulert til fritids- og turistføremål, som omfattar om lag 7 daa. Planområdet ligg på eigedommen gnr. 85 bnr. 2. I kommuneplan er området synt som område der reguleringsplan fortsatt skal gjelde, med føremåla fritidsbusetnad. Tilkomst vil vere slik som i dag. Det er ikkje sett krav til konsekvensutgreiing.

Vi bed om at ev. merknader til oppstartsvarslinga vert sendt til:

Kon-Sul AS, Lagarhusvegen 5, 4230 Sand, innan 06.02.2017.

Merknader kan òg sendast pr. e-post til iv@kon-sul.no innan same dato.

Etter denne dato vert sjølve planframlegget ferdigstilt og sendt til kommunen for handsaming.

Varslingsbrev og kart vert lagt ut på heimesidene til Hjelmeland kommune, (www.hjelmeland.kommune.no)