Oppstart reguleringsendring Dalberget

Økstra i Suldal kommune

I tråd med §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova, vert det varsla at Kon-Sul AS skal utarbeida framlegg til reguleringsendring på vegne av Dalberg Velforening. Føremålet med reguleringsendringa er å få ein oppdatert reguleringsplan som avklarar bruken av området, samtidig som det skal finnast løysingar for VA. Heile reguleringsplanen vert digitalisert og oppdatert i samsvar med gjeldande planlov.

Avgrensing av planområdet går fram av vedlagt varslingskart. Området utgjer om lag 230 daa inkl. sjøareal, og omfattar i hovudsak område for gjeldande reguleringsplan. I kommuneplan er området synt som område der reguleringsplan fortsatt skal gjelde, med føremål fritidsbebyggelse. Tilkomst til området vil vere slik som i dag. Det er ikkje sett krav til konsekvensutgreiing.

Vi bed om at ev. merknader til oppstartsvarslinga vert sendt til:

Kon-Sul AS, Lagarhusvegen 5, 4230 Sand, innan 18.12.2016.

Merknader kan òg sendast pr. e-post til iv@kon-sul.no innan same dato. Etter denne dato vert sjølve planframlegget ferdigstilt og sendt til kommunen for handsaming. Varslingsbrev og kart vert også lagt ut på heimesidene til Suldal kommune (www.suldal.kommune.no)