Oppstart reg.endring Trosavikåsen, Sauda

del av gnr./bnr. 22/173 i Sauda kommune

I tråd med §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova, vert det varsla at Kon-Sul AS skal utarbeida framlegg til endring av gjeldande reguleringsplan for Trosavikåsen på vegne av Sauda Hytteutvikling. Kartutsnittet syner avgrensing av planområdet. Eksisterande planområde skal utvidast med ei tomt på om lag 1 daa mot nord-vest og justerast etter veg mot aust. Siktemålet med planarbeidet er å tilpasse plankartet til veg, justere eigedomsgrenser og føremålsgrenser, samt legge inn ei ny bustadtomt.

Aktuelle arealformål er:

1.         Bygningar og anlegg:

           - Bustader – Frittliggjande

           - Konsentrert bustadområde

           - Leikeplass

2.         Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur:

           - Køyreveg

           - Parkering

           - Annan veggrunn

           - Trafokiosk

3.         Grøntområde:

           - Friområder

Vi ber om at ev. merknader til oppstartsvarslinga vert sendt til:

Kon-Sul AS, Lagarhusvegen 5, 4230 Sand, eller pr. e-post til post@kon-sul.no

innan 10.02.2016.