Oppstart reg.endring Randa, Hjelmeland

del av gnr 87, brn. 1 og 2

I tråd med §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova, blir det varsla at Kon-Sul AS skal utarbeida framlegg til endring av reguleringsplanen på vegne av Hytteforeinga c/o Sissel T. Clementsen.

Hovudsiktemålet med planarbeidet er å gi rom for boder/uthus i tilknyting til hyttene.

Ein ønskjer å auke BYA slik at ein i tilknyting til kvar hytte, kan bygga bod, anten som eit tilbygg, eller som eit frittståande uthus.

Området er i eksisterande reguleringsplan sett av til fritidsbebyggelse, issm. gjeldande kommuneplan. Det er ikkje sett krav til konsekvensutgreiing.

Vi ber om at ev. merknader til oppstartsvarslinga vert sendt til:

Kon-Sul AS, Lagarhusvegen 5, 4230 Sand, innan 01. 03 2016.

Merknader kan òg sendast pr. e-post til post@kon-sul.no innan same dato.

Etter denne dato blir sjølve planframlegget ferdigstilt og sendt til kommunen for handsaming.