Oppstart reg.endring hyttefelt Kjølvikstølen

gnr. 116 bnr. 1, 25, 36 og 48 i Suldal kommune

I tråd med §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova, vert det varsla at Kon-Sul AS skal utarbeida framlegg til reguleringsendring på vegne av Johannes Kjølvik.

Hovudsiktemålet er å modernisere føresegnene, med m.a. endra storleik, høgd og takvinkel for hyttene. Det vert også vurdert potensiale for fortetting innafor planområdet. Reguleringsplanen vert samtidig digitalisert og detaljert i samsvar med gjeldande krav.

Avgrensing av planområdet går fram av vedlagt varslingskart. Området utgjer om lag 116 daa. Planområdet omfattar eigedommane gnr. 116 bnr. 1, 25, 36 og 48. I kommuneplan er området synt som område for fritidsbusetnad der reguleringsplan fortsatt skal gjelde.

Tilkomst vil vere slik som i dag. Det er ikkje sett krav til konsekvensutgreiing.

Vi ber om at ev. merknader til oppstartsvarslinga vert sendt til:

Kon-Sul AS, Lagarhusvegen 5, 4230 Sand, innan 20.11.2016.

Merknader kan òg sendast pr. e-post til iv@kon-sul.no innan same dato. Etter denne dato vert sjølve planframlegget ferdigstilt og sendt til kommunen for handsaming.

Varslingsbrev og kart vert lagt ut på heimesidene til Suldal kommune www.suldal.kommune.no