Oppstart reg.endring Bogsfjorden Vest

del av gnr. 147/4 og 148/3

I tråd med §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova, blir det varsla at Kon-Sul AS skal utarbeida framlegg til detaljregulering på vegne av grunneigar Arne Jostein Hagen. Hovudsiktemålet med planarbeidet er å tilpasse plankartet til veg og justere områda for bustad mot eksisterande veg og ny veg. Avgrensing av planområdet går fram av vedlegg 1; varslingskart.

Endringane vert referert til vedlegg 3; Skisse for endringa. Ny veg på austsida av feltet B10 er ført frå kryss ved fv. 685 til eigedom Gnr./Bnr. 147/16. Eigedomen ligg utanfor planområdet. Denne nye vegen er lagt etter terrenget, men føl ikkje eksisterande plankart. Plangrensa vert endra etter vegen. Omlegginga av vegen fører med seg mindre endringar for områda B6-9.

Ny veg frå kryss sør-vest for B7: denne skal førast vestover mellom B8 og B9 og opp til samankopling med eksisterande veg ved BE10. Regulert veg langsmed B10 utgår. Eksisterande veg vest for B10 inngår i endra plan.

Plangrensa mot sør vert justert etter eigedomsgrensa mellom Gnr/Bnr 147/3 og 147/4.

Aktuelle arealformål er:

1.    Bebyggelse og anlegg:

      Bustader – Frittliggjande

      Fritidsbustader- Frittliggjande

2.    Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur:

      Køyreveg

3.    Landbruks, natur- og friluftsformål:

      LNF-område

Vi ber om at ev. merknader til oppstartsvarslinga vert sendt til:

Kon-Sul AS, Lagarhusvegen 5, 4230 Sand,  innan 01.02.2016.

Merknader kan òg sendast pr. e-post til post@kon-sul.no innan same dato.

Etter denne dato blir sjølve planframlegget ferdigstilt og sendt til kommunen for handsaming.