Oppstart reg.arbeid Skipavåg

fritidsbustader og bustadområde på del av gnr. 99 bnr. 1 og 3, Vassosen i Skipavåg, Vindafjord kommune.

I tråd med §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova, blir det varsla at Kon-Sul AS

skal utarbeida framlegg til detaljregulering på vegne av grunneigarane Magnar Rønnevik og Hallgeir Rønnevik. Hovudsiktemålet med planarbeidet er å leggja til rette for utbygging av bustader og fritidsbustader på del av eigedomen som i kommuneplanen er sett av til desse føremåla.

Avgrensing av planområdet går fram av vedlagt varslingskart. Området ligg 38 – 50 m.o.h. og utgjer ca. 83 da. Planområdet ligg på eigedom Gnr./Bnr. 99/1, 99/3 og 98/3 og skal vere i samsvar med kommuneplanen. I tillegg kjem naudsynt areal til infrastruktur. I gjeldande kommuneplan er planområda sett av til fritidsbustader og bustadbygging.

Aktuelle arealformål er:

Bebyggelse og anlegg:

* Bustader – Frittliggjande - småhus (5 tomter)

* Fritidsbustader (25-30 stk)

* Uteopphaldsareal - Leikeplass

Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur:

* Køyreveg - snuplass

* Vass- og avløpsnett

* Renovasjon og teknisk anlegg

Grønnstruktur:

* Friområde

Landbruks, natur- og friluftsformål:

* LNF

Bruk og vern av sjø og vassdrag:

* Friluftsføremål

Endeleg val av reguleringsformål, tal på tomter og eventuell bruk av omsynssonar blir avklåra gjennom planprosessen. Tilkomstveg er tenkt ført frå fv. 46 via eksisterande veg, til hytteområdet og bustadområdet med ny veg. Vassforsyning er tenkt oppretta med eigne brønnar. Avlaup til septiktankar med avrenning mot sjø. Straumtilførsle og tele i jordkabel via nett-tilkopling ved næraste trafo/ev. ny stasjon.

Det er ikkje sett krav til konsekvensutgreiing.

Vi ber om at ev. merknader til oppstartsvarslinga vert sendt til:

Kon-Sul AS, Lagarhusvegen 5, 4230 Sand, innan 20. november 2015.

Merknader kan òg sendast pr. e-post til post@kon-sul.no innan same dato.

Etter denne dato blir sjølve planframlegget ferdigstilt og sendt til kommunen for handsaming.