Oppstart reg.arbeid Nordstøldalen, Sauda

del av gnr./bnr. 23/2, 24/1, 24/2 og 26/4 i sauda kommune.

I tråd med §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova, blir det varsla at Kon-Sul AS skal utarbeida framlegg til reguleringsplan i Nordstøldalen på vegne av grunneigarane Elfinn Birkeland, Hallgeir Amdal, Halvard Erga Rød og Lars Reidar Fosstveit. Hovudsiktemålet med planarbeidet er å leggja til rette for utbygging av frittliggande fritidsbustader med vegframføring og heilårsparkering. Avgrensing av planområdet går fram av kartutsnittet. I gjeldande kommuneplan er planområdet sett av til LNF-område sone 2 (LNF-område med spreidd fritidsbusetnad) og ein del i LNF-område, sone 1. På gnr./bnr. 23/2 vart det i juli 2015 varsla oppstart av reguleringsarbeid for området ved Skeivane. Denne planen med merknader som kom inn, vert no innlemma i denne nye planvarslinga. Dette planområdet er vist med skravur i kartutsnittet. Sauda kommune har ikkje sett krav om konsekvensutgreiing.

Aktuelle arealformål er:

1.  Bebyggelse og anlegg:

    - Fritidsbustader

    - Uteopphaldsareal - leikeplass

2. Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur:

    - Køyreveg - snuplass - parkering

    - Skiløyper

3. Grønnstruktur:

    - Friområde

5. Landbruks, natur- og friluftsformål:

    - LNF-områder

Vi ber om at ev. merknader til oppstartsvarslinga vert sendt til:

Kon-Sul AS, Lagarhusvegen 5, 4230 Sand eller post@kon-sul.no

innan 10 februar 2016.