Oppstart reg.arbeid for grustak, Birkelandsmoen

del av gnr. 45 bnr. 1, Birkelandsmoen, Sauda

I tråd med §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova, vert det varsla at Kon-Sul AS skal utarbeida framlegg til detaljregulering på vegne av Brødrene Selvik AS. Hovudsiktemålet med planarbeidet er å leggja til rette for utviding av eksisterande grustak. Utvidinga er på 81 daa, frå eksisterande grustak og mot nordaust mot det gamle sandtaket. Området totalt utgjer om lag 202 daa, og omfattar også eksisterande grustak og tilkomst. Tilkomst vil vere slik som i dag, via Fv715.

I gjeldande kommuneplan er planområdet sett av til område for framtidig råstoffutvinning.

Tiltak er i samsvar med kommuneplan, og det er ikkje sett krav til konsekvensutgreiing.

Aktuelle arealformål er:

1. Bebyggelse og anlegg:

-  Steinbrot og masseuttak

2. Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur:

-  Køyreveg

5. Landbruks, natur- og friluftsformål:

-  LNF

Endeleg val av reguleringsføremål og eventuell bruk av omsynssonar vert avklåra gjennom planprosessen. Vi bed om at ev. merknader til oppstartsvarslinga vert sendt til:

Kon-Sul AS, Lagarhusvegen 5, 4230 Sand, innan 07.03.2016.

Merknader kan òg sendast pr. e-post til post@kon-sul.no innan same dato.

Etter denne dato vert sjølve planframlegget ferdigstilt og sendt til kommunen for handsaming.