Oppstart, reg.arbeid for del av Hundsnes industriområde

R51 - Hjelmeland kommune

I tråd med §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova, vert det varsla at Kon-Sul AS skal utarbeida framlegg til reguleringsendring på vegne av Jan-Øyvind Jørgensen.

Hovudsiktemålet med reguleringsendringa er å tilpasse reguleringsplan til dagens situasjon, ved å omregulere offentlig fiskerihamn til småbåthamn. Det vert også vurdert forlenging av eksisterande molo og utviding av båthamna, samt tilrettelegging for parkeringsplassar og sjøboder knytt til båthamna på del av området som i dag er regulert til industri.

Avgrensing av planområdet går fram av varslingskartet. Området utgjer om lag 16 daa. Planområdet ligg på eigedommane gnr. 65 bnr. 3, 42, 50 og 93. Plangrense vert tilpassa tiltaket samt tilgrensande plan for fylkesveg 631 ved utarbeiding av planen.

I gjeldande reguleringsplan er området synt som fiskerihamn, naust og industriområde. Kommuneplanen syner arealet som framtidig akvakultur med sone for areal der eksisterande reguleringsplan fortsatt skal gjelde. Tilkomst vil vere slik som i dag.

Det er ikkje sett krav til konsekvensutgreiing.

Vi bed om at ev. merknader til oppstartsvarslinga vert sendt til: Kon-Sul AS, Lagarhusvegen 5, 4230 Sand, innan 03.10.2016.

Merknader kan òg sendast pr. e-post til post@kon-sul.no innan same dato. Etter denne dato vert sjølve planframlegget ferdigstilt og sendt til kommunen for handsaming.