Oppstart reg.arbeid Brakåsen/Klypetjøn, Suldal

del av gnr. 25 bnr. 2, 3 og 78 og gnr. 27 bnr. 54, 56 og 58 i Suldal kommune

I tråd med §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova, vert det varsla at Kon-Sul AS skal utarbeida framlegg til detaljregulering på vegne av Suldal kommune. Hovudføremålet med planarbeidet er å leggja til rette for utbygging av bustadar på areal som i kommuneplanen er sett av til føremålet.

Avgrensing av planområdet går fram av kartutsnittet. Planområdet utgjer om lag 243 daa, og ligg på eigedommane gnr. 25 bnr. 2, 3 og 78 og gnr. 27 bnr. 54, 56 og 58.

Det er ikkje sett krav til konsekvensutgreiing.

Aktuelle arealføremål er:

1.  Bebyggelse og anlegg:

-   Bustadar – Frittliggjande

-   Bustadar - Konsentrert

-   Uteopphaldsareal - Leikeplass

2.  Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur:

-   Køyreveg

-   Fortau

-   Renovasjon og teknisk anlegg

3.  Grønnstruktur:

-   Friområde

5.  Landbruks, natur- og friluftsformål:

-   LNF

-   Friluftsområde

6.  Bruk og vern av sjø og vassdrag:

-   Friluftsføremål

Endeleg val av reguleringsformål og eventuell bruk av omsynssonar blir avklåra gjennom planprosessen.  Tilkomstveg er tenkt ført frå fv.46 via eksisterande veg. Som del av prosjektet skal plassering av nytt vasstårn vurderast.

Vi bed om at ev. merknadar til oppstartsvarslinga vert sendt til:

Kon-Sul AS, Lagarhusvegen 5, 4230 Sand, innan 09.03.2016.

Merknader kan òg sendast pr. e-post til post@kon-sul.no innan same dato.

Etter denne dato vert sjølve planframlegget ferdigstilt og sendt til kommunen for handsaming.