Nytt verktøy vil forenkle kommunikasjonen

Pressemelding

Kon-Sul er engasjerte som byggeleiar for reinseanlegg på Mosvatnet og vil i samband med det lansere ei ny løysing med WEB-hotell som me håpar vil forenkle kommunikasjonen i prosjektet og som vil gjere det enklare for både byggherre og entrepenørar og hente ut informasjon.

- Det viktigaste er kanskje at ein i dette «arkivet» alltid finn gjeldane dokument, slik som reviderte teikningar, møtereferat og andre kontraktsdokument som er styrande for prosjektet, seier Jan Moen i BG Suldal som har entreprisen for grunn og betong på prosjektet.

Det blir enklare for byggeleiar å følgje opp avvik, endringar, byggemøter og liknande. Det vil i tillegg sikre at entrepenør heile tida har tilgang til oppdaterte teikningar og anna informasjon. Web-hotellet heiter Interaxo og er utvikla av JOINT Collaboration AS

- Det viktigaste er at ting ikkje  fell  mellom to stolar. Det er det denne løysinga skal bidra til å hindra.Ein er uansett avhengig av at alle partar arbeidar mot eit felles mål. Det er alltid til det beste for alle aktørane, meiner Jan Moen som har god erfaring med likande verktøy frå andre prosjekt.

- Verktøyet er brukt av fleire store byggherrar i norge, både private og offentlige, og gjer det mogleg å få ein betre kommunikasjon i prosjektet.  Men alt er avhengig av dei som brukar verktøyet og at alle, både byggherre, prosjekterande, byggeleiar og ikkje minst entreprenør følgjer opp og bruker det aktivt. Prosjektet på Mosvatnet blir eit prøveprosjekt i så måte, og om dette er blir ein sukss får me først svar på etter at prosjektet er avslutta. Badeanlegget er eit anna prosjekt som burde vere aktuelt prosjekt for kommunen å nytte verktøyet på, meiner dagleg leiar i Kon-Sul, Espen Vestbø

Bruk av slike verktøy er heilt nytt for både Suldal kommune og Kon-Sul, og vil som sagt forenkle arbeidskvardagen og kommunikasjonen mellom partane.