Me etablerer avdelingskontor på Hjelmeland

Avdeling for arealplanlegging

Kon-Sul AS er i stadig utviding, og etablerer seg nå med avdelingskontor på kaien på Hjelmeland. Der skal arealplanleggjar Ingunn Varanes sitja. Ho er ny kvinne på laget og bur i Hjelmeland.  Dermed har bedrifta nå ti tilsette. Me har alt ein del jobb i Hjelmeland, særleg når det gjeld hytter, anten det er regulering eller utbyggingsarbeid.

Ingunn Varanes er utdanna naturforvaltar frå Høgskulen i Telemark og har erfaring frå kommunal forvaltning innan landbruk, miljø, byggesak og reguleringsarbeid