Detaljregulering for Sigmundstad og Lysåsen hyttefelt

R163 - 86/2, 33 mfl – Sigmundstad og Lysåsen hyttefelt (Vesentleg endring av R76 Sigmundstad og R138 Lysåsen hyttefelt), Hjelmeland kommune.

I tråd med §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova, vert det varsla at Kon-Sul AS skal utarbeida framlegg til detaljregulering på vegne av Tønnevik AS. Hovudsiktemålet med planarbeidet er å leggja til rette for endring av område for utleigehytter til vanleg fritidsbustad samt ei fortetting av eksisterande område med inntil 14 tomter for fritidsbustad og to bustadtomter. Det er ikkje planar om utviding av småbåthamn. Tilkomst vil vere slik som i dag.

Avgrensing av planområdet går fram av kartutsnittet over. Området utgjer om lag 120 daa. Planområdet ligg på eigedommane gnr./bnr. 86/2 og 33 m.fl. I gjeldande kommuneplan er området sett av til m.a. småbåthamn, fritids- og turistformål, fritidsbusetnad og bustadbygging. Planlagt utnytting har fleire tomter enn ramme gitt i kommuneplanen, samt at området er noko utvida. Tiltak er i samsvar med kommuneplan, og det er ikkje sett krav til konsekvensutgreiing

Aktuelle arealformål er:

1.  Bebyggelse og anlegg:

-   Bustadar

-   Fritidsbebyggelse

2.  Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur:

-   Køyreveg

5.  Landbruks, natur- og friluftsformål:

-   LNF

-   Friluftsformål

6. Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone

-   Småbåthamn

Endeleg val av reguleringsføremål og eventuell bruk av omsynssonar vert avklåra gjennom planprosessen.

Vi ber om at ev. merknader til oppstartsvarslinga vert sendt til:

Kon-Sul AS, Lagarhusvegen 5, 4230 Sand, innan 16.03.2016.

Merknader kan òg sendast pr. e-post til post@kon-sul.no innan same dato.

Etter denne dato vert sjølve planframlegget ferdigstilt og sendt til kommunen for handsaming.