Dagleg leiar

Ønskjer du nye utfordringar som dagleg leiar for eit rådgivande arkitekt-og ingeniørselskap i vekst? Me treng deg som har bakgrunn som ingeniør eller arkitekt, og i tillegg har leiarambisjonar og ønskje om å få til noko.

Me ønskjer at du har:

- Fagleg bakgrunn, anten som ingeniør innan bygg og anlegg eller som arkitekt

- Lokal tilknyting til Ryfylke

- Ønskje om å arbeide innan sal, nettverksbygging, leiing og personalansvar i tillegg til faget ditt

Me kan tilby:

- Løn og pensjonsordningar etter avtale

- Tilbod om å kjøpe seg inn på eigarsida i bedrifta

- Eit spanande og utfordrande arbeidsmiljø

- Kontorstad fleire stadar i Ryfylke

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar 

Espen Vestbø på mob 975 06 707.

Kortfatta søknad sendes til: ev@kon-sul.no. Søknadsfrist 10.10.2016

Kon-Sul er eit tverrfagleg miljø av arkitektar og ingeniørar. Me har brei erfaring med ulike prosjekt innan arkitektur, kommunal-teknikk, byggjeteknikk og planarbeid. Hovudkontoret vårt er på Sand i Suldal, og me har avdelingskontor på Hjelmeland og i Sauda. Les meir om bedrifta på kon-sul.no.